Flaming Pie

Flaming Pie
Studioalbum av Paul McCartney
Språk engelsk
Utgjeve 5. mai 1997
Innspelt 3. september 1992 («Calico Skies» og «Great Day»);
22. februar – 11. mai 1995;
1. november 1995 – 14. februar 1997
Studio Abbey Road Studios i London; Sun Valley i Idaho; The Mill i Sussex; AIR Studios i London
Sjanger Rock
Lengd 53:47
Selskap Parlophone (Storbritannia)
Capitol (USA)
Produsent Paul McCartney, Jeff Lynne, George Martin
Paul McCartney-kronologi 
Strawberries Oceans Ships Forest
(1993)
Flaming Pie Standing Stone
(1997)
Singlar frå Flaming Pie
  1. «Young Boy»
    Utgjeve: 28. april 1997 (Storbritannia)
  2. «The World Tonight»
    Utgjeve: 6. mai 1997
  3. «Beautiful Night»
    Utgjeve: 15. desember 1997 (Storbritannia)

Flaming Pie er det tiande studioalbumet til Paul McCartney, gjeve ut i 1997. Det var det første studioalbumet hans på over fire år, og vart stort sett spelt inn etter McCartney hadde arbeidd med det populære Beatles Anthology-prosjektet.[1] Albumet vart spelt inn fleire stader i ein periode på to år, og to songar var frå heilt attende til 1992. Fleire vener og familie av McCartney, mellom anna sonen hans, James McCartney, spelte på plata. I notata i omslaget til Flaming Pie sa McCartney: «[The Beatles Anthology] minna meg om The Beatles-standarden og standarden som me nådde med songane. Så på ein måte var det eit oppfriskingskurs som sette ramma for dette albumet.»[2]

Flaming Pie nådde andreplassen i både Storbritannia og USA og selde til gullplate. Albumet fekk god kritikk og nådde òg Topp 20 i mange andre land. Ti år etter albumet kom ut, hadde det selt over 1,5 millionar eksemplar.

  1. Duffy, Thom (12 April 1997). «McCartney Let Loose on Capitol's 'Flaming Pie' Set». Billboard 109 (15): 76. 
  2. Flaming Pie (booklet). Paul McCartney. Parlophone, EMI. 1997. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy